Norgesferien i
Stavanger-regionen

Jærkysten på 1 – 2 – 3 dagar

Bli med Arne Hjeltnes på sykkel og tog langs Jærens langstrakte opplevingsland

Det er noko eige med å ha god tid på tur. Då kan ein mellom anna ta seg tid til å sjå omgjevnadene frå sykkelsetet eller gjennom vindauget på lokaltoget, og dra frå plass til plass i det tempoet ein vil. På denne turen har eg starta på Sola og reist vidare sørover til Egersund. Eg har vore innom Ølberg, Bore, Bryne, Nærbø, Obrestad og Ogna. Alle tips og anbefalingar finn du liste opp under, i ein tur som både er bra for miljø, kondis og minnebok.

Det er noko eige med å ha god tid på tur. Då kan ein mellom anna ta seg tid til å sjå omgjevnadene frå les mer

Det er noko eige med å ha god tid på tur. Då kan ein mellom anna ta seg tid til å sjå omgjevnadene frå sykkelsetet eller gjennom vindauget på lokaltoget, og dra frå plass til plass i det tempoet ein vil. På denne turen har eg starta på Sola og reist vidare sørover til Egersund. Eg har vore innom Ølberg, Bore, Bryne, Nærbø, Obrestad og Ogna. Alle tips og anbefalingar finn du liste opp under, i ein tur som både er bra for miljø, kondis og minnebok.

Jærkysten i eige tempo er fin-fint. Snurr film!

Dag 1: Strandrestaurant, surfing og gjenbrukshotell

slider-img

Klar for tur! Sola Strand Hotel i bakgrunnen. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Sola Strand Hotel ligg – som navnet seier – på Solastranda. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Å sykle på flate Jæren er ingen sak! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Sola Strand Hotel opna i 1914. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Litt sand i vegen må ein rekna med når ein syklar langs sandstrender. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Fyrste stopp: Strandhuset på Ølberg! Foto: Marie von Krogh

slider-img

God mat – og stranda like utanfor. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Øyvind og Anders diskar opp på Strandhuset. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Ølberg hamn. Foto: Marie von Krogh

slider-img

På Boretunet kan du bu som ein surfar. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Boretunet er, utruleg nok, laga av gjenbrukte konteinerar. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Klar for surf! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Landets beste surfestrand? Foto: Marie von Krogh

slider-img

Flotte forhold på Bore. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Ein kan ikkje surfa utan å smaka på vatnet, vel? Foto: Marie von Krogh

slider-img

Ikkje verdas beste surfar, men blid likevel! Foto: Marie von Krogh

Mykje av turen er lagt til Jærruta – ei 14 mil lang sykkelrute som finn stad på koselege vegar i ope landskap, frå Sola i nord til Egersund i sør. Her er det kort veg frå sjøkanten til Høg-Jæren, slik at ein kan tilpassa sin eigen tur etter kva terreng og landskap ein ønsker.

Ved startpunktet på Sola ligg det historiske Sola Strand Hotel, som har bydd på overnatting, god mat og kvilepuls sidan 1914. Herfrå treng eg berre sykla ein liten tur før eg kjem til fyrste matstopp på Strandhuset på Ølberg. Her kan ein nyte nydeleg mat og drikke berre nokre få meter frå sandstrand og salte bølger. I same hus ligg også Ølbergkiosken, som er populær tilbydar av mellom anna softis og «Ølbergfranske».

Jæren er godt kjend for sine fantastiske sandstrender, som faktisk strekk seg over heile sju mil. Men her er også nokre av landets aller beste surfestader! På Boretunet arrangerer dei både surfekurs og det dei kallar surfcamp. Og – sjølv om du ikkje nødvendigvis er verdas beste surfar, så kan du likevel bu som ein! Innkvarteringa på Boretunet er bygga opp av konteinerar som allereie har hatt fleire liv. Først husa dei arbeidarar på ein flyterigg, så vart dei bygga om til hyblar av arkitektselskapet Helen&Hard for Stavanger kommune – og no er dei hostell og minihus her på Bore.

Naturleg nok, er det god plass til å parkera sykkelen ved ei stor strand som Bore. Men det er også mogleg å lada elbilen på Boretunet, for dei som ønsker det.

Dag 2: Apotekmat, fleire typar kunst og overnatting på fyr!

slider-img

Triveleg hos Jærkokken! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Dagens neste måltid serveras i eit gamalt apotek på Bryne. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Ragnhild Oftedal steller i stand hos Jærkokken. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Jærkokken Heine Grov nyttar lokale råvarer. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Ein koseleg veg – og ein del av Jærruta. Foto: Marie von Krogh

slider-img

MingarWalker glassblåseri ligg på Nærbø. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Line Mingar i aksjon. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Frå verkstaden – her er Benjamin Walker i sving. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Alt er laga for hand. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Neste stopp: Hå gamle prestegard. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Kulturhistorie møter samtida. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Hyggeleg kjennskap på Hå! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Her finn du utstillingar av høg kvalitet. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Unike lokalar på Hå gamle prestegard. Foto: Marie von Krogh

slider-img

I kafeen får du herleg lokal mat og ein kopp kaffi. Foto: Marie von Krogh

slider-img

All kunsten er til sals. Foto: Marie von Krogh

slider-img

På to hjul langs Jærkysten. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Obrestad fyr. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Her kan du overnatta heile året. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Kunst frå Hå gamle prestegard – på Obrestad fyr. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Fyret er frå 1873. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Obrestad fyr vert drifta av Hå gamle prestegard. Foto: Marie von Krogh

Det manglar ikkje på aktivitetar langs jærkysten, der både natur og kultur kan stå for dagens program.

Tid for mat! Heine Grov og kona Ragnhild Oftedal både bur og jobbar i eit gamalt apotek frå 1920, midt i Bryne sentrum. Men medisinar og pilleglas er bytta ut med lokale råvarer, slik at Jærkokken kan servera lekre, heimelaga måltid på nydelege bord dekka med friske blomar. Maten er basert på eit nullsvinn-konsept, der dei forsøker å nytta alt frå både dyr og mark.

I ein glasblåsarverkstad på Nærbø, skaper Line Mingar og Benjamin Walker handlaga, unike pyntegjenstandar og andre vakre glasprodukt. MingarWalker tilbyr også opplevingar der besøkande får testa og lære meir om glasblåsing.

Hå gamle prestegard har presten flytta ut, og jærhusa er i staden fylt med spanande kunst og utstillingar. Her møtast både samtid og kulturhistorie, og like nedanfor ligg også eit urgamalt gravfelt og Kongevegen. I kafeen kan du nyta eit godt, lokalt måltid og ein kopp kaffi.

Fyrferie har auka i popularitet dei seinare åra, og på Jæren er Obrestad fyr frå 1873 eit godt alternativ. Dette er det fyret på fastlandet i Noreg som ligg lengst mot vest. I tillegg til fyrmuseum er det her smakfulle og moderne innreia bustader som tilbyr overnatting heile året – og alt er drifta av Hå gamle prestegard. Finn du forresten kunstnaren Pøbel si «Surfedame»? Verket er måla på eit lite bygg nede ved stranda.

Andre overnattingsmoglegheiter i området er Kvassheim fyr som er drifta av Jæren Friluftsråd, Hotell Jæren og Bryne Kro & Hotel.

Verdt ein omveg: Kunstnaren Pøbel er kjent for både overraskande og tankevekkjande verk i området, og no kan du oppleva tolv av verka hans langs Jæren – frå Stavanger i nord til Vigrestad i sør. Rett og slett din eigen Pøbelsafari.

Besøk gjerne også friluftshuset på Orre – der det mellom anna vert arrangert fullmånekonsertar og temautstillingar om natur og friluftsliv.

Dag 3: Sjarmerande byliv, friskt hav, kultur og trekrone-hytter

slider-img

Sykkelpause - og tog til Egersund. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Det er mykje fint å sjå frå vindauget. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Grand Hotell Egersund. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Eigra kjøkken & bar freistar med god mat og drikke. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Her kan ein fort kose seg i nokre timar! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Trehusbyen i Egersund. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Egersund er rik både på innhald og inntrykk. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Coastal Adventures driftar mellom anna ei flytande badstue i Egersund. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Ogna ligg om lag to mil nord for Egersund. Foto: Marie von Krogh

slider-img

På veg til Trekronå. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Komfort blanda med nostalgi. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Henrik og Lene Stokkeland står bak Trekronå på Ogna. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Flott sykkelveg frå nord til sør (og omvendt!) Foto: Marie von Krogh

slider-img

Fantastiske Jæren. Foto: Marie von Krogh

I tillegg til sykkel er også tog eit godt framkomstmiddel som eigner seg godt for oppdagingsferd i disse traktene. Jærbanen går mellom Stavanger og Egersund, og heile strekninga er unnagjort på like over ein time. Du kan også kjøpa 24-timarsbillett, så blir det enkelt å hoppa av og på.

I Egersund finn du ein av Noregs best bevarte trehusbyar, med mykje særpreg, historie og sjarm. På Grand Hotell Egersund ligg den alltid like trivelege Eigra kjøkken & bar, som freistar med alt frå smårettar til 5-rettars. Dette er kvalitetsmat som kan heva ein kvardag – eller sette stemninga på eit festleg lag med gode vener.

Coastal Adventures tek deg med på naturopplevingar som coasteering, kajakk, klatring, guida tur langs Egersunds kyst, tur til det festlege ikonet Trollpikken i Magma UNESCO Global Geopark, og mykje meir. I Egersund driftar dei også ei flytande badstue i hamnebassenget, med eigen stamp med kaldt vatn på utsida. Friskt!

Den allsidige kulturscena Ogna Scene, har husa mang ein konsert sidan dei starta opp for fleire enn tjue år sidan. Scenen ligg i Grønefed kulturtun sine trivelege og retro lokalar, og i tillegg til konsertar vert det arrangert alt frå foredrag og quiz til historiekveldar og loppemarknad her.

Ei overnatting utanom det vanlige finn du hos Trekronå på Ogna. For å verna om naturen er hyttene satt på stativ mellom trea – og 4-5 meter over bakken kan du sova komfortabelt og vakna opp blant fuglekvitter og sus frå bekken.

Meir klar for eit historisk hotell? Då kan eg anbefala Grand Hotell Egersund, med atmosfære frå 1870-talet – men med høgst moderne rom og fasilitetar.

 

Planlegg du ei reise til Stavanger-regionen? I denne artikkelen kan du finne ut meir om korleis du kan reisa grønt medan du er her.