Norgesferien i
Stavanger-regionen

Følg Arne Hjeltnes på tur. Foto: Marie von Krogh.
Koseleg fjelltur på 1 – 2 – 3 dagar

Arne Hjeltnes har vært på tur i fjellheimen – og delar meir enn gjerne nokre høgdepunkt!

Eg likar godt å kombinera by og natur når eg drar på tur. Og med litt god tid, er det også gode moglegheiter for å unna seg nokon ekstra omvegar. På denne turen har eg starta i Sandnes og avslutta i Sirdal. Tips til stader å besøke finn du like under her. Eg håpar du får ei reise med augneblink som sett spor i hjarte og hovud – med små avtrykk på kloden.

Eg likar godt å kombinera by og natur når eg drar på tur. Og med litt god tid, er det også gode moglegheiter for les mer

Eg likar godt å kombinera by og natur når eg drar på tur. Og med litt god tid, er det også gode moglegheiter for å unna seg nokon ekstra omvegar. På denne turen har eg starta i Sandnes og avslutta i Sirdal. Tips til stader å besøke finn du like under her. Eg håpar du får ei reise med augneblink som sett spor i hjarte og hovud – med små avtrykk på kloden.

Klar for minneverdige opplevingar? Bli med på tur!

Dag 1: Byliv, kanotur og historisk hotell

slider-img

Lokal mat med italiensk vri på Fira i Sandnes. Foto: Marie von Krogh

slider-img

På Fira et du heime hos Ingeborg i Sandnes. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Sjarmerande, nydeleg og smakfullt. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Ingeborg Anzjøn ønsker velkomen til bords. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Detaljar frå ein heim – og ein restaurant. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Namnet "Fira" kjem frå adressen, som er Sigrid Undsets veg 4. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Glad i ein padletur? Då bør du legga turen innom Lutsivassdraget! Foto: Marie von Krogh

slider-img

I fint driv på Lutsi! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Ein triveleg prat med Anne frå Frilager.no. Foto: Marie von Krogh

slider-img

På frilager.no kan alle låna eller leia friluftsutstyr. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Frilager har 16 hentestader i distriktet. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Klar for Kronen Gaard Hotell! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Køyr elektrisk med stil – og bu med stil. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Hovudhuset på Kronen Gaard vart bygga i 1898. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Denne kokeboka hadde dei fleste heime på 1920-talet i Noreg. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Hotelldirektør Helmer Steinsvåg byr på historie, kultur og mattradisjonar. Foto: Marie von Krogh

I Sandnes kan eg varmt anbefala eit besøk på heimerestauranten Fira, der Ingeborg serverer heimelaga, italienskinspirert mat og god drikke i stova si eller – om sola skin – i hagen. Mange nyttar også sjansen til å finna skattar og favorittplagg blant dei mange nisjebutikkane i Langgata, eller sjå den nye byparken på Ruten medan dei er i byen.

Klar for ein flott naturoppleving i låglandet? Då kan Lutsivassdraget vera staden å dra – særleg for deg som likar å sjå nye stader med kajakk eller kano. Her er holmar å oppdaga, tronge sund å forsera, badeplassar å testa ut, og aure å fiska (hugs fiskekort!). Her er også fleire flotte fjelltoppar i nærleiken – sjekk gjerne ut Dalsnuten, Vårlivarden og Bynuten for ein start.

Uansett kvar du tenkjer deg på tur i området, bør du bli betre kjend med Frilager før du drar. På frilager.no kan nemleg alle låna eller leia friluftsutstyr til ein billeg penge, og henta det ut frå 16 hentestader i distriktet. Perfekt for deg som kjem langvegsfrå, og elles: billeg, bra og bærekraftig.

Ei historisk og særegen overnatting får du om du sjekkar inn på ærverdige Kronen Gaard Hotell – der hovudhuset i sveitserstil vart bygga i 1898. Det som før var sumarstad og ein samlingsstad for trelasthandlar Gabriel Block Watne si slekt og vener, er no ein idyllisk stad der natur, omgivnader og lokalmat kan nytas av alle. Det er visstnok et spøkelse her, men eg er blitt lova at det er den snille typen!

Dag 2: Gardsutsal og Noregs beste kjøtkaker

slider-img

Dirdalstraen Gardsutsalg opna sumaren 2021 – men ser ut som 1937! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Tore bak disken hos Dirdalstraen Gardsutsalg. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Lukka er ein ost, ein god marmelade – og meir ost. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Gardsutsalet i Dirdal er ramma inn av fjord og fjell. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Ein god kopp kaffi og fersk bakst. Foto: Marie von Krogh

slider-img

I eitt ord: Sjarm! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Gardsutsalet tilbyr lokalt kjøt. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Velkomen inn! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Nasjonalromantisk og heimekoseleg på Byrkjedalstunet. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Som å overnatte i eit norsk folkeeventyr! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Annas kjøtkaker på Byrkjedalstunet er Noregs beste, meiner eg. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Byrkjedalstunet har sitt eige bakeri. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Alle rom på Byrkjedalstunet har sitt særpreg. Foto: Marie von Krogh

Eg har valt el-bil på denne turen, også når eg skal oppover i høgda. Med relativt korte avstandar og gode moglegheiter for lading, byr ikkje det på utfordringar.

Fyrste stopp er Dirdalstraen Gardsutsalg, som opna sumaren 2021. Sjølv om køyreturen ikkje er lang, vert ein tatt med langt tilbake i tid når ein kjem inn utsalet – her er nemleg alt blitt restaurert til slik det så ut i 1937! Gardsutsalet tilbyr lokalt kjøt, spunne garn frå eigne sauer, lokal saft og syltetøy, villaks og mykje anna godt.

Litt lengre oppe i Dirdal ligg Byrkjedalstunet. Dette er ein stad du bør stikka innom uavhengig om du skal overnatta der eller ikkje. Den nasjonalromantiske idyllen og heimekoselege atmosfæren er til å bli glad av, med nysteikte lappar og tradisjonsmåltid i restauranten, der Annas kjøtkaker er svært populære med god grunn. Noregs beste kjøtkaker, meiner nå eg! I tillegg er det eige bakeri med ferske brød og anna bakst, og lysstøyperiet som har overraskande mykje meir enn berre lys! Men du? Ta gjerne ei overnatting her! Her har alle rom sitt særpreg, med bygningar som er som tatt rett ut av ein folkeeventyr.

Verdt ein omveg: Sjekk gjerne ut Gloppedalsura – Nord-Europa si største steinrøys, utsiktspunktet Vinjakulå eller Månafossen medan du er i området! Er du lysten på ein topptur i same slengen, så kan eg anbefala ein tur til Ramnstoknuten, ein særleg undervurdert tur med utsikt i alle retningar.

Her er ein anbefalt omveg til, forresten! Omlag ein times køyring frå Dirdal, på andre sida av fjorden, ligg Forsand og plassen Haukali 33/3. Som gjest i eit Husmannshus frå 1850 kan du ta tida tilbake, nyta dagane i urørt natur og leva eit saktare liv enn du kanskje er van med.

Dag 3: Friluft, fiske, polarhundar, hytteliv – og meir god mat!

slider-img

Ikkje så mykje snø akkurat her, men god stemning saman med Merete frå Sirdal Resort! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Nokon andre enn meg som er klare for svooosj-svooosj? Foto: Marie von Krogh

slider-img

Fiskesafari saman med Sirdal Safari & Adventure. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Fiskelukke, jo! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Fiskesafari med desse karane anbefalas! Foto: Marie von Krogh

slider-img

I eitt med naturen! Sirdal Safari & Adventure' klimanøytrale "eco-lodges" med glasstak. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Per Øyvind Grimsby og Sirdal Safari & Adventure tilbyr bærekraftige opplevingar av natur og kultur. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Den gamle Heiberghytta: Trongenhytta midt i tunet på Sirdal Fjellmuseum. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Nusseleg selskap ved leirbålet på Sirdal Huskyfarm. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Klar for hundespann? Då er Sirdal Huskyfarm plassen! Foto: Sirdal Huskyfarm

slider-img

Ekte opplevingar i urørt natur. Foto: Sirdal Huskyfarm

slider-img

Det bur 34 polarhundar på huskyfarmen. Foto: Sirdal Huskyfarm

slider-img

Slottet i Sirdal opna hausten 2021. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Restauranten byr på lokale råvarer og majestetisk utsikt. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Torfinn Arne Nesset har lenge hatt ein draum om å opna restaurant her. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Det er lett å kjenna seg som ein konge på Slottet i Sirdal! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Menyen inneheld mykje sesongbaserte og lokale råvarer. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Ein statue av faren til eigar Torfinn Arne Nesset er plassert på utsida. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Fjellheimen er flott – uansett ver! Foto: Marie von Krogh

slider-img

Eit herremåltid kalla "maulefjøl". Foto: Marie von Krogh

slider-img

Herleg med "mi eiga hytte" for ei natt. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Kamil Szuster i Sirdal Hytteformidling har funne ei flott hytte til meg. Foto: Marie von Krogh

slider-img

Fisk foran omnen – er det rart smilet kjem fram? Foto: Marie von Krogh

Sirdal er sørvestlendingars favoritt når det kjem til hytteliv og vinteraktiviteter, men stadig fleire besøker området heile året. I tillegg til nydelege forhold for både nedover- og bortoverski i Sirdal Resort, er her klatrepark, kano, SUP og andre friluftsaktivitetar som gir mykje gøy dei månadene det ikkje er snø.

Ein spanande tilbydar i dette området er Sirdal Safari & Adventure, som mellom anna kan freista med fiskesafari tusen meter over havet, overnatting i villreinens rike og klimanøytrale hytter kalla «eco-lodges». Alle aktivitetar vert gjennomført etter målet om ekte, kunnskapsbaserte og bærekraftige opplevingar av natur og kultur. Sterke inntrykk – med lågt avtrykk.

Familiebedrifta Sirdal Huskyfarm er ein annan engasjert natur- og aktivitetsformidlar i Sirdal. Her kan du få møta 34 herlege polarhundar, delta på ulike huskyaktivitetar som hundespann – eller kanskje det freistar meir med villmarksspa?

Den nye restauranten Slottet i Sirdal har namnet sitt frå utsiktspunktet der den er plassert, og byr på nydeleg mat med majestetisk utsikt. På menyen finn du ulike rettar med sesongbaserte og lokale råvarer. Vel du «maulefjøl» får du smaka litt av kvart – eit skikkeleg herremåltid!

Overnattingsmoglegheiter i Sirdal er mange. Har du lyst på di eiga hytte for ei natt (eller ei veke!), kan Sirdal hytteformidling hjelpe. Dei leier nemleg ut privateigde hytter og leilegheiter med god standard, heile vegen frå Tjørhom til Ådneram.

Vil du også reise grønt neste gong du er i Stavanger-regionen? Då finn du gode tips og anbefalingar i denne artikkelen.