Norgesferien i
Stavanger-regionen

Eldhug. Foto: Region Stavanger
Eldhug Adventures tek deg med på Kvitsøy-oppdaging. Foto: Region Stavanger
Øyriket på 1 – 2 – 3 dagar

Arne Hjeltnes gir deg sine beste tips frå sin tredagars skattejakt i Stavangers eige øyrike.

Veit du at det ligg eit heilt øyrike like utanfor Stavanger? Nokre av øyene vart ein del av kommunen i 2020, medan andre – som Kvitsøy – er sin heilt eigen kommune. Uansett ligg dei ikkje langt frå sentrum, og kan nås med ulike grøne transportmiddel. Du er hermed invitert til eit herleg eventyr du kan ta heilt i ditt eige tempo!

På denne rundturen har eg reist frå Randaberg og til øyene Kvitsøy, Åmøy, Klosterøy, Mosterøy, og Finnøy, før eg har tatt turen tilbake til Viste og Randaberg. På mykje av turen har eg kjørt ein liten og morosam elbil frå eTours Ryfylke. Dei har bilar til utleige både i Stavanger, på Rennesøy, Jørpeland og Sola.

Veit du at det ligg eit heilt øyrike like utanfor Stavanger? Nokre av øyene vart ein del av kommunen i 2020, medan andre – les mer

Veit du at det ligg eit heilt øyrike like utanfor Stavanger? Nokre av øyene vart ein del av kommunen i 2020, medan andre – som Kvitsøy – er sin heilt eigen kommune. Uansett ligg dei ikkje langt frå sentrum, og kan nås med ulike grøne transportmiddel. Du er hermed invitert til eit herleg eventyr du kan ta heilt i ditt eige tempo!

På denne rundturen har eg reist frå Randaberg og til øyene Kvitsøy, Åmøy, Klosterøy, Mosterøy, og Finnøy, før eg har tatt turen tilbake til Viste og Randaberg. På mykje av turen har eg kjørt ein liten og morosam elbil frå eTours Ryfylke. Dei har bilar til utleige både i Stavanger, på Rennesøy, Jørpeland og Sola.

Arne Hjeltnes viser deg skattane i øyene rundt Stavanger. Start planlegginga av ditt øyeventyr i dag!

Dag 1: Hummarklekking, 365 holmar og herleg sjømat

slider-img

Triveleg på Hummarmuseet! Foto: Region Stavanger

slider-img

Eldhug Adventures tek deg med på Kvitsøy-oppdaging. Foto: Region Stavanger

slider-img

På restaurant Grøningen varierer menyen etter sesong. Foto: Region Stavanger

slider-img

Ferjeturen til Kvitsøy tar om lag ein halvtime. Foto: Region Stavanger

Ein halvtimes ferjetur utanfor Stavanger ligg Kvitsøy – ei vakker perle for alle som vil ta livet med ro og fylle ein dag eller to med historie, god mat og naturopplevingar. Kvitsøy består av 365 holmar og skjær, som mellom anna kan opplevas saman med Eldhug Adventures. Dei arrangerer guida turar med kajakk eller såkalla «swimrun», der ein ikledd våtdrakt og joggesko får testa friskusvarianten av øyhopping.

Havet har alltid vore grunnleggande for liv og virke på Kvitsøy. På Hummarmuseet kan ein læra om historia om hummarfisket som hadde sin gullalder fram til fyrste halvdel av 1900-talet, men her tar også nye hummarhistorier til. Museet bidrar nemleg aktivt til å auka bestanden, ved å klekkja og setja ut nye hummar i området kvart år.

På ein stad som denne får du lokal fisk og sjømat rett utanfor døra – og rett frå båten. I eit gammalt fiskemottak frå 1925 opna far og son Pallesen restaurant Grøningen dørene i 2021. Her varierer menyen etter sesong, råvarer og kokkanes humør, men det er alltid mykje å velje mellom – av både kjøt og fisk. Dette er forresten søsterrestauranten til Fisketorget i Stavanger sentrum, og signaturretten fiskesuppe er eit fast innslag. Grøningen har sesongopent vår/sumar, og er open for grupper heile året. Kom svolten!

Eg legg fyrste overnatting til ei anna øy, nemleg Åmøy Fjordferie, med hyggeleg vertskap og panoramautsikt over Byfjorden. Dei tilbyr både B&B, utleige av rom og feriehus for korte eller lengre opphald. Her går også det an å leie både båt og fiskeutstyr, viss du skulle få lyst til å prøve fiskelukka!

Dag 2: Klosterhistorie, lokalmat og nyoppussa hotell

slider-img

Lokalmat hos Inger Lise på Klostergarden. Foto: Region Stavanger

slider-img

Morosam elbil frå eTours Ryfylke. Foto: Region Stavanger

slider-img

Vakre Utstein Kloster. Foto: Region Stavanger

slider-img

Noregs einaste bevarte middelalderkloster! Foto: Region Stavanger

slider-img

Guida tur med mykje kunnskap på eit brett. Foto: Region Stavanger

slider-img

Utstein Kloster Hotell. Foto: Region Stavanger

slider-img

Ein kan ikkje klaga på utsikta hjå Åmøy Fjordferie! Foto: Region Stavanger

«Dei grøne øyene», vert dei kalla – øyene som utgjer grenselandet mellom Nordsjøen og fjordane i indre Ryfylke. Dei er lett tilgjengelege heile året, og byr på innhaldsrike dagar med aktiviteter og gode måltid.

Utstein Kloster er Noregs einaste bevarte middelalderkloster. Her kan du kjenne på kvilepulsen blant bygningar som har sett dagane skifta heilt sidan 1200-talet, eller vandra gjennom klosterhagen. Overnattar du her, kan du kanskje også få auge på «den kvite dame» som etter sigande går igjen på rom nummer ti.

Klosteret er omkransa av Klostergarden, som er eit freda kulturmiljø i privat eige. Garden på Utstein formidler opplevingar gjennom lokalmat og bærekraftige reiselivsprodukt. På gardsutsalet finn du mellom anna spekemat, pinnekjøt, lokalprodusert mat og drikke, og unike handverksprodukt. Her kan du også leia robåt, kajakker og bestille overnatting.

Der Klosterøy møter Mosterøy, finn du vakre Utstein Kloster Hotell. I tillegg til ei heilt fantastisk plassering, er hotellet totalrenovert i ein avslappande stil som skapar ei lun og god atmosfære. Og i restauranten er både utsikten og smakane upåklageleg!

Aktivitetsselskapet Coastal Adventures held til på Utstein Kloster Hotell – og sørger på den måten for at du kan kombinera hotellavslapping med friluftsaktivitetar på sjøen. Menyen inneheld mellom anna coasteering, snorkling, SUP, kajakk, klatring og rappellering, så moglegheitene er mange!

Dag 3: Dyrking, sanking og eit hotell utanom det vanlege!

slider-img

Tomater i lange banar på Finnøy. Foto: Region Stavanger

slider-img

Eg køyrer grønt med eTours Ryfylke! Foto: Region Stavanger

slider-img

Saman med Jan Terje Vignes på Lauvsnes Gartneri. Foto: Region Stavanger

slider-img

På Sandalen gård har dei mykje godt. Foto: Region Stavanger

slider-img

Sanking av ville vekstar med Kristine. Foto: Region Stavanger

Nesten alle norske tomatar vert dyrka i Rogaland, og nærmare 40 prosent av dei veks fram på Finnøy! Smaken er fantastisk, dei er sunne, og på Lauvsnes gartneri har dei no også tatt i bruk ein metode som gjev CO2-nøytrale tomatar – så då kan du eta mange med god samvit! Og du? Kjem du til Finnøy i august har dei faktisk også ein eigen tomatfestival her.

Det er ikkje utan grunn at Rogaland vert kalla matfylket, for her er det eit vell av lokalprodusert mat og drikke å få fatt i heile året. Det finnes mellom anna fleire fruktgardar i distriktet, og ein av desse er Sandalen gård på Randaberg. Sandalen har òg gardsutsal der dei tilbyr sider, jus, gelé og andre produkt laga av eple, plommer og stikkelsbær.

I tillegg til lokalprodusert kvalitetsmat du kan kjøpa med deg eller ete på restaurant, fins det også ville, spiselege vekstar i naturen. Sankar og nyttevekstkyndig Kristine Enger tilbyr kurs og guida sanketurar for alle som vil læra naturen – og sankemogligheitene – betre å kjenne.

Eg avsluttar rundturen på Ventilene Viste Strandhotell. Dette er eit flott hotell med fantastisk plassering på Vistestranda, men i tillegg til at du får ei god natts søvn – får andre også noko tilbake ved at bur her. Strandhotellet er nemleg eit sosialt entreprenørskapshotell som mellom anna har folk på arbeidstrening. Vinn-vinn!

Verdt ein omveg: Det kan vel knapt kallas ein omveg, men viss du vil ha meir frisk sjøluft og ei oppdagingsferd på fjorden, kan eg anbefala fjordcruise med Rødne! Då får du oppleve Lysefjorden og Preikestolen frå sjøsida. Og med den elektriske båten «MS Rygerelektra», seglar du nesten lydlaust i det bergtakande landskapet.

 

Vil du også reise grønt over dei grøne øyene? I denne artikkelen får du gode tips og anbefalingar!