Norgesferien i
Stavanger-regionen

Region Stavanger Fisketorget
Velkommen til Stavanger! Under finn du film - og nokre av mine mange favorittar!
Storbyweekend i Stavanger

Arne Hjeltnes har sine Stavanger-favorittar (og han har ikkje tenkt å halda dei for seg sjølv!).

Kvar gong eg er i Stavanger slår det meg at endå fleire bør besøka denne både kule og trivelege byen. Stavanger er eit veldig godt alternativ til den weekenden som ikkje skal gå til London, Paris eller Berlin – men til ein litt nærare, litt mindre storby, som har minst like mykje å tilby. Men veit du kva? Eg anbefaler bylivet i Stavanger uansett, eg! Kortreiste feriar og helgeturar er bra både for deg og landet vårt. Og egentleg ganske bra for verda og.

Kvar gong eg er i Stavanger slår det meg at endå fleire bør besøka denne både kule og trivelege byen. Stavanger er eit veldig les mer

Kvar gong eg er i Stavanger slår det meg at endå fleire bør besøka denne både kule og trivelege byen. Stavanger er eit veldig godt alternativ til den weekenden som ikkje skal gå til London, Paris eller Berlin – men til ein litt nærare, litt mindre storby, som har minst like mykje å tilby. Men veit du kva? Eg anbefaler bylivet i Stavanger uansett, eg! Kortreiste feriar og helgeturar er bra både for deg og landet vårt. Og egentleg ganske bra for verda og.

Kort veg mellom kontrastfulle opplevingar gjev gode moglegheiter for ei innhaldsrik, smakfull og ganske enkelt herleg helg i Stavanger.

Bli med Arne når han, glad og fornøgd, et seg gjennom Stavanger i møte med lokale produsentar og restaurantar. Men me åtvarar: Du kan kome til å verte svolten!

Klar for kortreist storbykjensle? Arne Hjeltnes har tipsa til deg som vil legga neste helgetur eller ferie til ein by fylt av gode opplevingar – og gode måltid. Velkommen til Stavanger!

Arne Hjeltnes er over gjennomsnittet oppteke av dei gode matopplevingane. Mange av desse, i tillegg til ekte kvalitetsshopping finn han i Stavanger!

Kort veg mellom opplevingane gjer det enkelt å halda god flyt – både til fots, på el-sykkel og i vatnet.

Under finn du nokre av mine mange favorittar, der du kan sova, eta, drikka, handla og underhalda deg medan du er her.

Stader å bu

slider-img

På Eilert Smith Hotel kan du få frukost på senga laga av eit kjøkken med to Michelin-stjerner. Akkurat det må du leite lenge etter andre stader. Foto: Tom Haga

slider-img

Tone Herigstad ynskjer velkommen til Eilert Smith Hotel.

slider-img

Ein gamal klassikar vart ny etter «total makeover», som me seier på nynorsk.

slider-img

Her er eg saman med hotelldirektør Monika Sandvold i resepsjonen på Hotel Victoria.

Eilert Smith Hotel
Dette lekre boutique-hotellet har berre tolv rom. Alle er ulike, bortsett frå at komfort og design står like sentralt uansett rom. Hotellet er oppkalla etter Stavanger-arkitekten Eilert Smith, som opprinneleg tegna bygget i 1937. Det er imidlertid arkitekt Pål Trodahl som har stått for modernisering og fornying med den historiske arva i veggane. I fyrste etasje ligger Michelin-restauranten RE-NAA. Lekkert på alle plan der, altså.

Hotel Victoria
Ein gamal klassikar vart ny etter «total makeover», som me sier på nynorsk. Ekstra stas er det at hotelldirektør Monika Sandvold og co. har henta fram mykje av det opprinnelege interiøret, gamle møblar og speil, og historiske fargar. Internasjonal atmosfære har og funne vegen, med parisisk inspirert bar og fortauskafé «Salon du Nord» og erkebritisk, herleg tradisjon med Afternoon Tea i bankettsalen på laurdagar. Brandsberg Dahl arkitektar og interiørdesignar Anemone Wille Våge har gjort ein kjempejobb!

Stader å innta lunsj

slider-img

Lokalfanga trumfar langreiste råvarer enten du går for lunsj eller middag på Fisketorget. Foto: Fredrik Ringe/Fisketorget

slider-img

Min gode ven Karl Erik Pallesen styrer skuta på Fisketorget.

slider-img

Ostehuset Øst held til i ein gamal sardinfabrikk i Østre bydel i Stavanger. Foto: Ostehuset

slider-img

Ostehuset Øst er ein perfekt stad å eta ein herleg frukost eller lunsj. Gründerane Hanne Berntzen og Tom Helge Sørensen er eit godt vertskap. Foto: Aldente

slider-img

På Ostehuset Øst serverar dei mat til både hovudet, kroppen og hjartet. Foto: Ostehuset

slider-img

Det nye tilskotet i Renaa-universet er som eit levande sirkus. Foto: Sirkus Renaa.

slider-img

Sirkus Renaa ligg i Lagårdsveien, ein kort sykkeltur frå sentrum. Foto: Sirkus Renaa.

slider-img

Sirkus Renaa har både konditori, bakeri, sjokolade- og iskremfabrikk, pizzeria, kafé, restaurant og bar. Foto: Sirkus Renaa.

slider-img

På Sirkus Renaa finn du nydelege bakverk, italiensk is og pizza og freistande smørbrød. Her står eg saman med Sven Erik Renaa.

slider-img

Renaa Xpress. Nylaga pizza rett frå ein vedfyrt ovn er sjeldan feil!

slider-img

Renaa Xpress finn du i Stavanger kulturhus, Sølvberget. Foto: Renaa Restauranter

slider-img

Renaa Xpress er uformell, men held likevel høgt nivå. Foto: Renaa Restauranter

slider-img

Kvar dag kan bli fin med ein is som denne frå! Foto: Sirkus Renaa.

Fisketorget
Hjå min gode ven Karl Erik Pallesen og gjengen på Fisketorget innerst i Vågen, er dagens meny alltid eit resultat av dagens fangst. Lokalfanga trumfar langreiste råvarer enten du går for lunsj eller middag her. Rekesandwichen og fiskesuppa har stått på menyen sidan åpninga, og er sikre vinnarar den dag i dag.

Ostehuset Øst
Østre Bydel er Stavanger sitt svar på Grünerløkka. Her dukkar det stadig opp nye spanande stader å stikka innom. Hanne og Tom, som har vore aktive med gode serveringsstader i byen, var blant dei fyrste og Ostehuset Øst er ein perfekt stad å ta ein deilig frukost eller ein god lunsj. Eller stikka innom på kvelden. Dei har eit supert bakeri og lekre rettar laga av lokale råvarer.

media-img

Fisketorget. Foto: Vinterfilm

Sirkus Renaa
Torill og Sven Erik Renaa er ei gåve til denne byen. Stadig kjem dei med nye idear som gleder alle som likar god mat og gode opplevingar. Siste skot på stamma er multi-mathuset Sirkus, der nydelege bakverk, italiensk is og pizza og freistande sandwich lokkar til seg folk heile dagen. Dessutan ligg det ein passelig sykkeltur frå sentrum.

Renaa Xpress
Den uformelle restauranten til Renaa, som ligg i Stavanger kulturhus Sølvberget, der kino og bibliotek og er, er ein lett og ledig stad med gode smårettar og herleg pizza. Sjølv om den og fungerar som ein utmerka kaffi og isbar, tar dei ikkje lett på pizzaen. Ekte italiensk med tynn botn, slik den skal vera.

Stader å eta middag

slider-img

Roger utvider den utrulege Omakase-opplevinga han har skapt i Pedersgata med Sabi Enso. Foto: Roger Asakil Joya.

slider-img

Roger utvider den utrulege Omakase opplevinga han har skapt i Pedersgata med Sabi Enso. Foto: Roger Asakil Joya.

slider-img

Omakase betyr ”Eg stoler på kokken”, og det er lett å stole på Roger! Foto: Roger Asakil Joya.

slider-img

Sabi Omakase fekk si fyrste Michelin-stjerne i 2017, berre halvanna år etter at dei hadde opna. Foto: Moxey

slider-img

Sabi Omakase har plass til ti heldige gjester ved Joya sitt bord kvar kveld. Foto: Sabi Omakase

slider-img

Berre ein restaurant i Noreg har to stjerner i Guide Michelin: RE-NAA!

slider-img

Villand med rødbete og fermentert kirsebær på RE-NAA. Foto: Tommy Ellingsen

slider-img

Berre ein restaurant i Noreg har to stjerne i Guide Michelin: RE-NAA! Foto: Tommy Ellingsen

slider-img

Renaa Matbaren er ein franskinspirert bistro, som fekk VG sin matmeldar Erik Fosnes-Hansen til å skriva «ekstatisk i Stavanger». Foto: Tom Haga

slider-img

Krabbesalat frå Matbaren er ein uslåeleg favoritt.

slider-img

Tango er intim med 30 sitteplassar og har fått Guide Michelin til å henta fram «to gaflar og to knivar». Foto: Tango Restaurant

slider-img

Tango byr på ein lekker smaksmeny i elegante lokaler.

slider-img

Tango og Fish & Cow deler lokaler i hjartet av Stavanger. Foto: Tango Restaurant

slider-img

Uformell gastronomi på restauranten Fish & Cow. Foto: Fish & Cow

slider-img

Bellies er Stavanger sin einaste heilveganske restaurant.

slider-img

I tillegg til lokale råvarer på menyen, har Bellies nytta lokale krefter til interiør og design. Foto: Bellies

slider-img

Skal du ete lunsj på Bellies? Då har eg eitt ord til deg: Falafel! Foto: Bellies

slider-img

På Spiseriet har Sígurdur Runar Ragnarsson har skapt ein restaurant, der musikk og mat møtes på høgt nivå.

slider-img

Spiseriet ligg i Stavanger konserthus, slik at du kan nyta ein supert måltid før eller etter kulturelle opplevingar. Foto: Fredrik Ringe

slider-img

Spiseriet: Her, på kanten av fjorden, er det ingenting å seie på sjømaten. Foto: Fredrik Ringe

slider-img

Ei smakseksplosjon på ein tallerk hos Spiseriet. Foto: Fredrik Ringe

Sabi Omakase
Omakase betyr ”Eg stoler på kokken”, og eg har i alle fall ingen problem med å stole på min kjenning Roger Asakil Joya og teamet hans. Sabi Omakase fekk si fyrste Michelin-stjerne i 2017, berre halvanna år etter at dei hadde opna. Her er det berre å ta imot det du får servert med hovud, hender og hjarte, viss du er så heldig å vera ein av dei ti gjestene ved Joya sitt bord. Dette er sushi slik du finn hjå dei beste sushikokkane i Tokyo. Ei fantastisk oppleving eg unner alle sjømatelskarar!

Sabi Enso
Som om ikkje Sabi Omakase var nok, så har Roger slått til igjen med ein restaurant som det er verd å reisa til Stavanger for i seg sjølv. Her utvider han den utrulege Omakase-opplevinga han har skapt i Pedersgata. Kanskje fordi det alltid er fullt der. Samstundes som det er rom for både sushi take-away og rabotagrill som ikkje står noko attende for det du finn i Japan. Her er det mat for alle lommebøker. Lekker kunst på veggane og ein stor flott bar. Eit must.

media-img

Knivskjell med pære hos RE-NAA. Foto: Tommy Ellingsen.

RE-NAA
Berre ein restaurant i Noreg har to stjerne i Guide Michelin. Og den har sjølvaste Sven Erik Renaa skapt i Stavanger. I 2016 vart dette den fyrste restauranten i Norge utenfor Oslo-området som fikk ei stjerne. Og så altså ei til.  Sjølv om ikkje alle styrer ganen etter den franske guiden, har dei hatt mykje å seia for Stavanger som matdestinasjon. «Perfekt forenklet» er motivasjonen til Sven Erik og teamet hans i sjøkanten på Skansekaien i Eilert Smith-hotellet. Hit reiser matentusiastar frå heile verda for å oppleva den unike 22-rettars smaksmenyen basert på lokale råvarer.

Renaa Matbaren
Sven Erik og Torill står som sagt bak mykje i byen på matsida. Ein klassikar som eg alltid må innom er Matbaren. Ein fransk-inspirert bistro, som fekk VG sin matmeldar Erik Fosnes-Hansen til å skriva «ekstatisk i Stavanger». Betre enn i Frankrike, skreiv han og. Eg skriv under på det. Dei nydelege rettane og den gode stemninga blir du i godt humør av.

Fish & Cow og Tango
Ein annan klassikar med gode kokkar og mykje liv er ekteskapet mellom dei to Stavanger-favorittane Fish & Cow og Tango. Her kan du både nyta ein lekker smaksmeny i elegante Tango, henga i den livlege baren eller nyta uformell gastronomi i Fish & Cow. Tango er intim med 30 sitteplassar og har fått Guide Michelin til å henta fram «to gaflar og to knivar». Ei stjerne snart?

Dette er to unike plassar å nyta god mat med felles inngang. Kanskje du har tid til begge? Folka her er alltid smilande. Eit godt glas er aldri langt unna. Sjefen sjølv Tommy Raanti er ein av desse utruleg dyktige Stavanger-kokkane. Godt plassert midt på Torgterrassen, er du i hjartet av Stavanger, stemningsmessig og.

Bellies
«Keep the bellies happy», seier dei hjå Stavangers sin einaste heilveganske restaurant og sånt vert i all fall min mage glad av å høyra.  Dette er gastronomiske opplevingar på høgt nivå. Gå for smaksmenyen med sesongens råvarer viss du vil verta skikkeleg, skikkeleg glad i magen din. Passer og supert til lunsj. Då har eg eitt ord til deg: Falafel! Bellies ligg i Pedersgata i Stavanger Øst, den kule delen av byen. I tillegg til lokale råvarer på menyen, har restauranten og nytta lokale krefter til interiør og design.

Spiseriet
I det elegante Stavanger konserthus ligg Spiseriet, der ein av mine favorittar Sígurdur Runar Ragnarsson har skapt ein levande restaurant, der musikk og mat møtes på høgt nivå. Ikkje berre kan du nyta eit supert måltid før eller etter ei oppleving i konserthuset. Sígurdur og co. har sjølv konsertar i restauranten. Her på kanten av fjorden er naturlegvis sjømaten svært god. Laget til Ragnarsson er satt saman av unge flinke kokkar, og dei er ei kulturoppleving i seg sjølv.

Stader å shoppe

slider-img

Made with Hart, ein merkevare av internasjonalt kaliber, finn du i hjartet av Stavanger sentrum. Foto: Made with Hart Stavanger

slider-img

Hjå Made with Hart får du dressar, skjorter, sko og lekre fritidskle. Og målsaum, slik at du kan få ein heilt unik look. Alex Hart er gründer og medeigar.

slider-img

Chili Chocolate er perfekt for alle oss som meiner at kvardagen vert litt betre med ein sjokoladebit. Foto: Gunhild Vevik

slider-img

Chili Chocolate sjokoladefabrikk!

slider-img

Chili Chocolate er perfekt for alle oss som meiner at kvardagen vert litt betre med ein sjokoladebit. Foto: Chili Chocolate

slider-img

Hjå Faded kan du sikra deg kjende designarar, knapt brukt og gjera eit kupp. Foto: Faded

slider-img

Eller finne deg en ny yndlingsparfyme fra 1600- tallet. Foto: Aldente

slider-img

Eit hyggelig treff hos Faded i Østervåg. Foto: Sigrid-Lovise Skulbru

slider-img

Hos Kokko i Østervåg har dei blant anna eige kaffebrenneri og alt du treng til å brygga kaffi heime eller på tur! Foto: Kokko

slider-img

Kokko i Østervåg er både arkitektkontor og kaffibar. Foto: Kokko

slider-img

Saman med Ole Marius Skjærseth og Marian Strand på Kokko i Østervåg. Foto: Aldente

slider-img

Alle byar bør ha sitt eige ysteri. I Stavanger tar Lise Brunborg seg av akkurat det. Foto: Anne Valeur

slider-img

Litlestøl byr på marmeladar, pesto og andre gode ting i små glass. Alt vert laga for hand i Stavanger. Foto: Litlestøl

slider-img

Ost frå Stavanger Ysteri og nydeleg marmelade frå Eva Gill og Litlestøl – det er ein eigen smak av Stavanger.

slider-img

Albert som styrer A. Idsøe kjøtt- og pølseforretning i dag held tradisjonen frå 1828 i hevd. Mens me var innom, traff me tilfeldigvis stjernekokken Daniel Rougé Madsen. Foto: Aldente

slider-img

A. Idsøe kjøtt- og pølseforretning. Foto: Moxey

slider-img

A. Idsøe kjøtt- og pølseforretning. Foto: Moxey

Made with Hart
Eg er utruleg glad i Made With Hart. Årsakene er ikkje berre at eg alltid byrjar Stavanger-turen min hjå Alex, Made og Martini, men og fordi eg er imponert over at dei har skapt ei merkevare av internasjonalt kaliber i Stavanger. Her får du dressar, skjorter, sko og lekre fritidskle. Og målsaum, slik at du kan få ein heilt unik look. Har du gløymt noko i kofferten, kan du trygt stikka innom og vera stilig kledd på eit blunk. Det er ein sosial gjeng, som alltid kan fortelja deg kvar det skjer i byen den helga du er der.

Chili Chocolate
Verdas blidaste chocolatier, utdanna i Frankrike, er Asle som driv ein unik sjokoladefabrikk midt i hjarta av sentrum, perfekt for alle oss som meiner at kvardagen vert litt betre med ein sjokoladebit. Eller to. Her lagar dei sin egen konfekt, sjokoladefigurar, sjokoladepålegg, heimelaga is, marmelader, makronar og mykje meir. Frå butikken kan du sjå inn i produksjonen, der godbitane vert laga.

Faded
Sigrid-Lovise i Østervåg har skapt ein liten shopping-diamant, der både norske merker og ikkje minst brukt fashion er trekkplasteret. Her kan du sikra deg kjende designarar, knapt brukt og gjera eit kupp. Dessutan har ho verdas eldste parfyme, Trudon, i fleire ulike variantar.

KOKKO
Kokko er verkeleg heilt kokko i ei svært positiv tyding av omgrepet. Eigentleg er det eit arkitektkontor som teiknar moderne hus, men det er og ein lekker kaffibar med eige brenneri og ein stilig lunsjrestaurant, der du og kan kjøpa dei lekre designmøblane du sit på. Det er og ein butikk. Og så har dei byens beste ostekake, seier nokon.

media-img

Mange restaurantar har lagt sin elsk på Fønix frå Stavanger Ysteri. Det er eg nokså sikker på at du og kjem til å gjere! Foto: Anne Valeur

Stavanger Ysteri og Litlestøl
Alle byar bør ha eit eige ysteri. Det har Lise Brunborg sørga for i Stavanger. Osten hennar finn du i Østre bydel eller hjå Idsøe, Ullandhaug Økologiske eller på Ostehuset Øst. Saman med deilig marmelade frå  Eva Gill og Litlestøl er det smaken av Stavanger for mange av oss. Dei to reiser mykje rundt saman. Komplementære smakar, veit du. Hald utkikk.

A. Idsøe kjøtt- og pølseforretning
Eg stikk alltid innom gode matbutikkar når eg er på tur. Hjå Albert Idsøe er det ein fryd å sjå på dei deilige kjøtvarene, for ikkje å snakka om dei legendariske pølsene. Albert som styrer butikken i dag held tradisjonen frå 1828 i hevd, og kjøtdisken hans er den lengste i Noreg. Du går ikkje tomhendt, men svolten ut frå Idsøe.

Stader å ta eit glas

slider-img

Prøv ein kul og kunstnarleg cocktail på Salon du Nord. Foro: Henrik Moksnes

slider-img

Hanekam og Fargegata på kveldstid er ei oppleving som verkeleg høyrer med til ein Stavanger-tur. Foto: Aldente.

slider-img

Tom Ur Kjørsvik, er eiger av Hanekam og ”Fargegatas far”. Foto: Vinterfilm.

slider-img

Fargegata er kjend for god stemning! Foto: Hanekam.

slider-img

Vinkjellaren til Bjørn Erik Sandvaag på Nick & Jonnies er den største blant restaurantene i Stavanger. Foto: Gunhild Vevik.

slider-img

Bjørn Erik Sandvaag og eg i vinkjellaren. Foto: Aldente.

slider-img

Lervig Local er ein skikkeleg heit «hang-out» i eit veldig flott strøk. Foto: Lervig Local.

slider-img

Ein god prat om øl med bryggerimeister Mike Murphy frå Lervig Local. Foto: Aldente.

Salon du Nord
Hotel Victoria har opna litt av Paris med 1900-tallsdekor i sin Salon du Nord. Denne lekre staden har eg merka kan verta ein ny favoritt hjå mange. Ta ein lunsj eller eit glas på dagtid, eller prøv ein kul og kunstnarleg cocktail litt seinare på kvelden.

Hanekam
Midt i Fargegata ligger Hanekam, ein kul, uhøgtidelig kompis du får lyst til å verte ven med med ein gong. Det var vel slik eg vart kjend med Tom Ur Kjørsvik, ein av dei som driv staden og var med å skapa heile den fargerike gata, eit lite Notting Hill. Kjørsvik vert kalla ”Fargegatas far”. Kortreist (og langreist) øl, kreative cocktails, DJs eller levande musikk og alltid god stemning. Fargegata på kveldstid er ei oppleving som verkeleg høyrer med til ein Stavanger-tur. Det er mange små stader å stikka innom, vinterlys ute og ein fin liten ”by i byen”-følelse.

Nick & Jonnies hjå Gaffel og Karaffel
Vinkjellaren til Bjørn Erik Sandvaag er ein sikker stoppestad på ein runde i den livlege byen. Han kan verkeleg vin og er ein blid fyr som veit å ta vare på gjestene sine. Ei omvisning i kjellaren, eller endå betre, ein middag rundt «Mafiabordet», er ei perfekt ramme for ein god kveld. Her er det mykje godt på alle måtar. Gaffel og Karaffel er eit komplett restauranthus med mat som passar til all slags vin hjå Nick & Jonnies.

Lervig Local
Stikk ein liten tur ut av bykjerna – det gjer du veldig enkelt på ein av Stavanger sine mange elsyklar – til dømes opp til Eiganes. Her er det vakna nytt liv i ein eigen liten oase like ved kongebustaden Ledaal. I og omkring den gamle «Hermetikken» ligg Matmagasinet, bakeriet Kanelsnurren og Lervig sin eigen bryggeripub Lervig Local. Her bryggjer dei eigne small-batch øl. Det tøffe moderne lokalet, dekorert med Nanna Guldbæk-illustrasjoner kjent fra Lervig sine etikettar, er ein skikkeleg heit «hang-out», i eit veldig flott strøk.

Stader verd eit besøk

slider-img

Brødrene Fevang har bygd opp ein 50-talls barbershop i New York- eller Chicago-style, som innfrir ned til minste detalj.

slider-img

MS Rygerelektra er verdas raskaste elektriske katamaran og tek deg innover det magiske fjordlandskapet i Lysefjorden. Foto: Vinterfilm

slider-img

Eit fjordcruise er ein perfekt måte å kombinere natur og byliv, direkte frå Stavanger. Foto: Ole Knud

slider-img

Har du lyst på ein tur på fjorden med din eigen båt kan du leiga hjå Private Cruise. Foto: Tony Kristoffersen

slider-img

Byen si storstove og stolte kulturarena, Stavanger konserthus, ligg fantastisk til ved sjøen i Vågen. Foto: Jiri Havran

slider-img

Salen Fartein Valen i konserthuset er optimalisert for akustisk musikk og ikkje minst Stavanger Symfoniorkester sitt repertoar. Foto: Jiri Havran

slider-img

Lekkert design på Stavanger konserthus. Foto Jiri Havran

slider-img

Gladmatfestivalen er eit årleg høgdepunkt i Stavanger. Foto: Tord Paulsen

slider-img

Festivalsjef Maren Skjelde i Gladmat og Wenche Hansen fra GuideCompaniet. Foto: Aldente.

slider-img

Er du på jakt etter ein skikkeleg safari, kan du melda deg på ei av dei guida Gladmat-løypene.

slider-img

Dei mange spora Nuart har satt, kan du gleda deg over når du går rundt i Stavanger. Foto: Gunhild Vevik

slider-img

Byen si fyrste flytande sauna har eg sjølvsagt testa, og den kan brukast åleine eller av heile reisefylgjet. Foto: Gunhild Vevik.

slider-img

Damp er ein populær stad å treffas for kalde bad – og dampande varm badstue. Foto: Damp Stavanger.

slider-img

Byen si fyrste flytande sauna har eg sjølvsagt testa, og den kan brukast åleine eller av heile reisefylgjet. Foto: Damp Stavanger.

slider-img

Utstillinga "Into the light" av Bill Viola står til 15. august på Stavanger kunstmuseum. Foto: Kira Perov Bill Viola Studio.

slider-img

Stavanger kunstmuseum i Mosvannsparken har et innhaldsrikt program. Her frå Bill Viola-utstillinga. Foto: Kira Perov Bill Viola Studio.

Brødrene Fevangs Barberstue
Har du ikkje satt din fot i ei barberstue før, bør du nytte høve når du er i Stavanger. Her har Brødrene Fevang bygd opp ein 50-talls barbershop i New York- eller Chicago-style, som innfrir ned til minste detalj. Enten du treng ein klypp, barbering, dandering av skjegget eller vil driste deg til voksing av øyre- og nasehår, kan du vera sikker på at du får gjort det med stil av både profesjonelle, stilige, livlege og serviceinnstilte barberarar.

Rødne fjordcruise
Dei fleste kjenner Preikestolen, men visste du at du kan gå om bord i ein båt i Stavanger og oppleva Lysefjorden frå sjøsida – heile året? Rødne Fjord Cruise har mellom anna verdas raskaste elektriske katamaran, MS Rygerelektra, som tek deg innover det magiske fjordlandskapet som vart forma av istida. Ein perfekt måte å kombinere natur og byliv, direkte frå Stavanger.

Private Cruise
Har du lyst på ein tur på fjorden heilt åleine eller i ei lita gruppe, kan du leiga din eigen yacht hjå Private Cruise til 7 eller 12 personar med båtane The Barolo og The Marquis.

Stavanger konserthus
Byen si storstove og stolte kulturarena ligg fantastisk ved sjøen i Vågen, og har eit program som kan gje kulturinteresserte kvalar, viss fleire favorittar står på ein av scenane samstundes. Salen Fartein Valen er optimalisert for akustisk musikk og ikkje minst Stavanger Symfoniorkester sitt repertoar. Zetlitz-salen har ein unik fleksibilitet og kan riggast til alt fra rockekonserter til utstillingar. Sjølv hadde eg ei utruleg oppleving akkurat der med Janove Ottesen for ikkje så lenge sidan.

Gladmat
Den årlege matfestivalen i juni i Stavanger, er unik. Gladmat er rett og slett ein fest for alle, mykje meir enn eit torgsal eller ein marknad. For i Stavanger flyttar restaurantar og skjenkestover ut på gata og lagar nye konsept, slik at du kan eta deg gjennom heile Stavangers utrulege mattilbod. Vågen er full av smaksopplevingar. Er du på jakt etter ein skikkeleg safari, kan du melda deg på ein av ei guida Gladmatløypene som GuideCompaniet arrangerer, som tar deg med innom fleire spanande stader, samstundes som du får små drypp av den flotte byen si soge. Ein perfekt kombo, synes eg.

Nuart
Gatekunstfestivalen Nuart har vore ei stor årleg happening i mange år, og den har fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Dei mange spora Nuart har satt, kan du gleda deg over når du går rundt i Stavanger. Mange stader i bykjerna – men og mange andre steder i regionen – kan du sjå gatekunstverk av kjente kunstnarar og nykomarar. Ta ein Nuart byvandring medan du er her.

Damp
Byen si fyrste flytande sauna har eg sjølvsagt testa, og den kan brukast åleine eller av heile reisefylgjet. Kombinasjonen av kalde bad og varm, dampande badstue har vorte veldig populært her i byen, så pass på at du planlegg og bookar på førehand – så er du sikker på at du ikkje reiser heim med tørt hår.

Stavanger kunstmuseum
Det vert ikkje ei komplett helg utan ein tur på museum. I Stavanger har dei perla Stavanger kunstmuseum, der dei byrja å samla allereie på 1800-talet. Her finn du både nasjonale skattar som målaren Lars Hertervig og teppekunstnaren Frida Hansen, men og spanande nye utstillingar som Bill Viola sin videokunst. Ein kort tur med el-sykkel frå sentrum. Vaflene er gode og.

Reis grønt

slider-img

Bysykler. Foto: Tommy Ellingsen

slider-img

Bysykler. Foto: Tommy Ellingsen

Når du fyrst reiser, reis miljøvennleg. Og når du fyrst er komen hit, bli gjerne verande lenge nok til å oppleva mykje av alt det fine som er i nærleiken! Det er jo nok å velje blant, det er sikkert. Støtt det lokale næringslivet, et kortreist, ta med ein ekstra pose til søppel på tur, og viktigast av alt – nyt alt det flotte du ser rundt deg! Då får dei fleste også større hug til å ta vare på det. Les meir om å reise grønt her!